Nominasjoner til årets Nobels Fredspris 2013

Nå er det nesten et halvt år til Nobels Fredspris skal deles ut, nærmere bestemt 10.desember 2013. Norges Fredsråd ønsker i tiden fremover å dele noen av nominasjonene som har blitt gjort av stortingsrepresentantene her i Norge. Dette gjør vi med den hensikt å kunne bidra til å vise bredden i nominasjonene, samtidig som det kan åpne opp for debatt om hvilke nominerte leserne tenker er verdige vinnere av prisen. Antall nominasjoner er det høyeste noensinne. For Nobels Fredspris 2013 ble hele 259 unike aktører nominert, 50 av disse er organisasjoner, forrige rekord var på 241 i 2011. Det er svært bra at så mange har blitt nominert, derfor håper vi også at Nobelkomiteen går nøye gjennom kandidatene og reflekterer godt over hvem som vil være verdige vinner(e) av denne prisen.

Første nominasjon kommer fra Erling Sande, Senterpartiet, som nominerer Ales Bialiatski til Nobels Fredspris:

Eg nominerar med dette menneskerettsforkjempar Ales Bialiatski frå Hviterussland til Nobels Fredspris 2013.

Ifølge Nobels testamente skal fredsprisen gå til den «som har verkat mest eller bäst för folkens förbrödrande och afskaffande eller minskning af stående arméer samt bildande och spridande af fredskongresser». Respekt for menneskerettane er ein føresetnad for folks forbrødring, og internasjonal fred. Ales Bialiatski, leiar av menneskeretts-senteret Viasna, er ein særs god kandidat til Nobels Fredspris.

Menneskeretts-situasjonen i Hviterussland er sterkt kritikkverdig. Tortur er utbredt, og fengselstilhøva er særs kummerleg. Hviterussland er det einaste landet i Europa som både idømmer og gjennomfører dødsstraff. Ei rekke rapportar viser at kritiske journalistar, menneskeretts-aktivister og opposisjonspolitikarar er utsett for press, represaliar, truslar med meire frå styresmaktene. Hviterussland har òg fleire politiske fangar. Opposisjonen har vanskelige kår, med overvaking, trakassering og arrestasjonar. Politiet går systematisk til verks for å slå ned på uavhengig politisk verksemd. Domstolane er ikkje uavhengige, og mange saker er politisk styrt. Det er høg grad av korrupsjon i landet.

Tross fare for eigen tryggleik og med ein høg personleg kostnad, har Bialiatski via livet sitt til å gjere menneskeretts-situasjonen i heimlandet sitt betre. Han har vore arrestert ei rekkje gonger som følgje av sitt arbeid for menneskerettar og mot eit totalitært regime; fyste gong i 1988. Han stifta Viasna i 1996, og under hans leiing har senteret hjulpet tusenvis av ofre for regimets undertrykking. Viasna samlar og informasjon om menneskerettsbrot, arbeidar for å spreie kunnskap om menneskerettar, overvaker vala i landet – og spreier informasjon om det.

Styresmaktane har gjentekne gonger freista å vengeklippe både Bialiatski og organisasjonen. Trass forsøk på å stenge Viasna, har dei lukkast i å fortsatt vere ei støtte for mange enkeltmenneskje som vert undertrykka og forfølgt av regimet. Bialiatski sjølv har vore fengsla sidan november 2011, då han – etter ei politisk motivert dom – vart idømd 4,5 års fengsel. I valet mellom eksil og fengselsstraff, valde han sistnemnde for å sette søkelys på menneskeretts-situasjonen i Hviterussland. Han sit no fengsla under kummerlege forhold.

Bialiatski har gjennom i rekkje år vist eit ekstraordinært mot, og ein overlegen viljestyrke, med eit mål for auge: betre menneskeretts-situasjonen i Hviterussland. Arbeidet har so langt gitt han ei rekkje internasjonale priser som anerkjenning av hans arbeid for fred og menneskerettar. Nobels fredspris 2013 bør bli den neste.

Med vennleg helsing

Erling Sande